Laga med kjærleik
Vi held til på Fjell på Sotra. Her designar og syr vi Striladrakten, ei festdrakt med røter i kystens historie og kulturarv.
Kvar drakt blir sydd etter mål og tilpassa den som skal bera henne. Vi legg stor vekt på ekte handverk, kvalitet og respekt for dei gamle skikkane.
Striladrakten er ikkje ei moderne tolking, men ei vidareføring av det kystfolket faktisk gjekk med i gamle dagar – eit stykke levande kulturarv som framleis blir skapt her på øya.





